Exhibition Opening at Bryne Art Association
Å VENDE HJEM
Ei utstilling av Signe Christine Urdal
Fotografi/ objekt
Bryne Kunstforening 20.05 - 25.06.17
Ope laurdag 12:00-16:00 / sundag 13:00-17:00
I utstillinga «Å vende hjem» er det mennesket sin lengsel, identitet og dei ekstensielle behova for å høyra til som er tema. Ein heim er viktig for oss i kraft av å vera plassen ein bur, der ein har hatt sin barndom, men og ein plass ein kan venda tilbake til fysisk, gjennom draumen eller i oss sjølv.
SIGNE CHRISTINE URDAL (f. 1979) er billetkunstnar frå Stavanger. Ho blei uteksaminert frå Oslo Fotokunstskole i 2004 etter ein bachelorgrad i sosialantropologi (2002) og kunsthistorie (2006) frå Universitetet i Oslo, og starta si karriere som assistent for Dag Alveng. Urdal er anerkjent for sine kjenslege skildringar av menneske sitt indre liv og kvar- dagshistoriar, og formidlar ein genuin interesse for den menneskelige tilstand. Kunstnaren arbeider hovudsakleg med fotografi, video og lyd.
Signe Christine Urdal debuterte på Vestlandsutstillingen «Vi er de utvalgte» kuratert av Linn Cecilie Ulvin i 2007. Sidan då har arbeida hennar vore utstilt på Galleri Sølvberget (Stavanger), Tou Camp (ID - CAMP/Ølhallene) Bryne kunstforening (Bryne), Preus Museum (Horten), Tou Scene Art Space (Stavanger), Spriten Kunsthall (Skien), Førde Kunstforening (Førde), Kunstmuseet KUBE (Ålesund), Haugesund Billedgalleri (Haugesund), Stavanger Kunstforening (Stavanger), Stavanger Kunstmuseum (Stavanger), Rogaland Kunstsenter (Stavanger), Galleri Giga (Stord), Terminal 08 Gallery (Gorzów) i Polen og Nablus kluturfestival i Palestina (Nablus).
Velkommen til opning 20.mai kl.12:00
Det vert musikalsk innslag av Hanne Vasshus og diktlesing av Mansur Rajih under opninga.
Bryne kunstforening, Bryne mølle 3. Etasje, Reevegen 1, 4340 Bryne
Kontakt kunstnar Signe Christine Urdal: 97108902
Kontakt leiar Bryne kunstforening Magda Line: 90763158