Exhibition at Gallery Hagalid (NO)
Haustutstilling 3. - 25. oktober 2015 i Sofiehuset Laurdagar og sundagar kl 11 – 17 SIGNE CHRISTINE URDAL : Walls - fotografi ELS GEELEN: Rocks & the fox - maleri, trykk, print, skulptur Galleri Hagalid midt i vake Ryfylke satsar for første gong på hausten med utstilling over fire oktober-helger med to kunstnarar. Desse to kunstnarane får kvar sine rom i Sofiehuset og har difor kvar sin separatutstilling. Eg har gleda av å presentera Signe Christine Urdal (fødd 1979) som eg har fått følgja litt i fotoarbeidet hennar i nærområdet her. Ho er billedkunstnar frå Stavanger med røter frå Ryfylke. Identitet er eit tilbakevendande tema i Urdals arbeid, og det antropologiske perspektivet har fått henne til å grave dypare inn i vårt eige samfunn. Kven er eg? Korleis er eg i møtet med andre - ja. Korleis endrar dei kulturelle kodane i eit samfunn vårt blikk på oss sjølve og verda? Kva er eit menneskje? Gir den private sfære rom for forskjellar eller likheitar? Korleis endrar dei kulturelle kodane i eit samfunn vårt blikk på oss sjølve og verda? www.scurdal.com / www.edithimages.de Hennar 10 bilde på denne utstillinga er ein del av prosjektet Walls som ho starta i Berlin i 2009. Tematikken dreier seg om identitet og levd liv, og arbeida syner vegger og interiør frå mange plassar i verda. Fotografi betyr å skrive med lys, og på samme måte som lyset treffer veggene, startar ein historie i eit menneske liv. Bilda har tydelege spor av sårbarheit, lengsel, sorg, lukke, einsemd og fellesskap. Også nye bilde frå miljø i Hjelmeland er med. Utstillingen er støtta av Ryfylkefondet. Eg gler meg og til å presentera Els Geelen fødd 1969, er målar opprinneleg frå Nederland og no busett i Norheimsund i Hardanger. Els var utstillar på Skogsmuseet i Elverum i sommar. www.elsgeelen.com Hennar konsept no er Rocks and the fox med både oljemaleri, grafikk, print og skulptur. Tittelen gjeld både eitt verk men og heile konseptet rundt den norske skogsreven. Geelen nærmare seg naturen på eit kunstnarisk utforskande måte. Kanskje fordi ho har studert biologi eit år at ho har ein lidenskap for detaljar og teknisk kvalitet. Og natur, ikkje minst. Slik har ho utforska skog og gikk deretter under bakken for å studere røter i maleri, grafikk men også støyp til skultur. No er det fjellet sin tur. Program: Laurdag 3.10. Galleriet med både Sofiehuset (bilde og kafe) og Eldhuset (glas og keramikk) er ope frå kl 11. 11.30 Musikk v/to elevar i Hjelmeland kulturskule. Opning v/rektor på vinterlandbruksskulen i Ryfylke - Asbjørn Ask. Forfriskningar. 12.00 (ca) Presentasjon og kunstnarsamtale med Els Geelen i gamlestova. Både Els og Signe Christine vil vera her laurdagen. Sundag 4.10. kl 12.00: Presentasjon og kunstnarsamtale med Signe Christine Urdal i nystova. Samtalane er uformelle og det er rom for at publikum kjem med spørsmål, og snakkar med kunstnarane etterpå. Opningsdagane er laurdagar og sundagar kl 11 – 17 fram til 25. oktober - med kafe. Galleri Hagalid V/ Hanne Sundbø Hagalidvegen 463 Hjelmeland