TO COME HOME
TO COME HOME – an exhibition by Signe Christine Urdal
Text by Magda Line, Leader of Bryne Art Assosiation
Bryne kunstforening is proud to present Urdal’s exhibition. She is both an artist and an anthropologist, and this clearly shows in her work. Her interest in people and how we live in harmony and conflict is evident in several of the works. Her gaze is warm and curious, and it lingers on how we are, as people, and how we function together.
The exhibition “To Come Home” by Signe Christine Urdal is on view in the month of May at Bryne kunstforening. The exhibition primarily consists of photos, but also includes objects and text.
Several of her images might seem hazy at first glance, like a mist was covering them. You might sense that there are things there, which are not all that clear. The images can give you a sense of remembering something. A memory of a home; a place; a dream.
Home is often associated with something safe:
-finally I am coming home
-it will be good to be back home
-he returned home in the end
-she relaxed at home
Home is the place where you relax, wear your pajama pants, remove your bra, let the belly hang out, and put your feet up.
Home is the place where you can laugh and cry.
Home is the place where you can be yourself, where you can dare to think new thoughts, and have opinions of your own. Home is the place where a teenager can let their hormones run wild, bang the door, and not be afraid that the ones who hear it will no longer care for them.
Home is where you want to be when things are bad and you are overcome with anxiety.
Home is where you lie under the covers, and do not want to leave, or to see anyone else.
Home is sanctuary.
Finally I am coming home.
But what about those who no longer have a home to return to? What about the ones who have had to flee their homes because of war? What do they dream of? Where is home?
Is it the memory of what once was? Where can the ones fleeing their homes be at home? Where can they relax, put their feet up, and no longer be constantly on guard?
In Urdal’s exhibition we can speculate on these questions. We might not find answers to all of them, but we might see that coming home, in many ways, provides us with a common understanding of what home might be.
Å VENDE HJEM - ei utstilling av Signe Christine Urdal
Bryne kunstforening er stolt av å kunna visa utstillinga til Urdal. Ho er både kunstnar og antropolog, og det viser igjen i hennar arbeid. Interessa ho har for menneska og korleis me lever i harmoni og konflikt, brukar ho i mange av sine arbeid. Ho har eit varmt og nysgjerrig blikk på korleis me menneske er, og korleis me fungerer saman.
Signe Christine Urdal syner i mai utstillinga Å vende hjem i Bryne kunstforening. Utstillinga er primært foto, men syner og objekt og tekstar.
Mange av bileta hennar er ved fyrste augekast noko uklare, som om det er ein dis over dei. Ein aner meir enn ein ser ting som ikkje er heilt tydelege. Bileta kan gje ei kjensle av eit minne om noko. Eit minne om ein heim, ein plass, ein draum.
Heim assosierast ofte med det trygge:
-endeleg skal eg heim
-å, det blir godt å koma heim
-han kom heim til slutt
-ho fekk kvila heime
Heim er fristaden der ein slappar av, tek på innebuksa, kaster BH-en, slepp ut magen og sleng føtene på bordet.
Heim er der ein kan gråta og le.
Heim er der ein kan vera seg sjølv, kunna våga seg fram med nye tankar og eigne meiningar. Heim er der ein tenåringsunge kan la hormona springa løpsk, slenga med døra og ikkje vera redd for at dei som høyrer ikkje lenger er glad i ein.
Heim er der ein vil når ting er vondt og når angsten blir for stor.
Heim er der ein er når ein ligg under dyna og ikkje vil ut, ikkje vil møta andre.
Heim er ein fristad.
Endeleg skal eg heim.
Men kva med dei som ikkje lenger har ein heim å koma heim til? Kva med dei som har flykta frå heimen grunna krig? Kva drøymer dei om? Kvar er heim for dei?
Er det minnet om det som var? Er det heimen slik den kunne ha vore?
Kvar kan dei som har flykta koma heim? Kvar kan dei slappa av, slenga føtene på bordet og ikkje lenger vera på vakt?
I utstillinga til Urdal kan me fabulera rundt alle desse spørsmåla. Me finn nødvendigvis ikkje alle svar, men me kan kanskje sjå at det å venda heim, på mange ulike måtar, gjer oss ei felles forståing for kva heime er.
Magda Line
Leiar Bryne kunstforening